Ny teknologi for laserscanning gjer det mogleg å kartlegge terrenget på desimeternivå, som er eit godt grunnlag for prosjektering og modellering av eit kraftverk. Punktskyene med LAS-data kan konverterast til DWG og DXF-format, som i neste omgang kan lastast inn i GPS’n til entreprenørane sine gravemaskinar. Det gjer at praktisk arbeid kan utførast nøyaktig, og det blir samsvar mellom godkjente planar og det som skal byggast.