Den 17. november 2020 kunngjorde Noregs vassdrags- og energidirektorat fylgjande:
VEDTAK: Med hjemmel i forskrift om sikkerhet ved vassdragsanlegg (damsikkerhetsforskriften) § 5-2 godkjennes den tekniske planen for ny dam ved Finndalsvatn.
Planen omfattar bygging av ny betongdam ved utløpet av Finndalsvatn. Hovudseksjonen blir ein lamelldam om lag 35 m lang, og med største høgde 12 m. I forlenginga av denne seksjonen skal det byggast ein tradisjonell overløpsdam med lengde 25 m.
Hovuddelen av den gamle platedammen står att, og skal nyttast som nedstraums forskalling ved byggingen av ny damplate. Annankvart platefelt skal fyllast med betong slik at den nye dammen blir ein lamelldam. I dammen skal det etablerast ei tappeluke med ljosopning 1,0 x 1,0 m. Oppdemt vassvolum blir 1,7 mill. m3. Finndalsvatn blir reguleringsmagasin for det nye Stølen kraftverk AS. Den tekniske planen er utarbeidd av Doktor Ingeniør Olav Olsen AS.
Dammen er plassert i risikokonsekvensklasse 1, jfr. brev frå NVE av 22. oktober 2019.
NVE 2020-11-17 Vedtak sak 201910596-10 Godkjenning teknisk plan dam Finndalsvatn