Tidlegare planlagt infomøte overfor dei ulike brukar- og interessegruppene på Knaben blei avlyst pga Covid-19 pandemien.
I kva grad infomøter kan gjennomførast i 2021 er uklart, og ein må berre avvente info frå FolkeHelseInstituttet.
Stølen Kraftverk AS ser difor for seg prosjektinfo og detaljplanar blir kommunisert via eit eller fleire deltakaravgrensa «rundebordsmøter» med dei ulike brukargruppene, ei gong i løpet av vinteren / våren 2021.
Dersom krava frå Folkehelseinstituttet gjere det uråd sjølv med samlingar på 5 – 10 personar, så kan vi gjennomføre dialogen digitalt via plattformer som SKYPE, Microsoft TEAMS eller ZOOM.
Formålet med dialogmøte er sjølvsagt at Stølen Kraftverk AS er interessert i innspel ifht den praktiske gjennomføringa av byggearbeida på kraftverket.
Den formelle konsesjonen er på plass via Statsråd Tina Bru i Olje- og energidepartementet, og Kongeleg Resolusjon på Slottet 30. oktober 2020. Det var ein milepæl !