Bygging av eit småskala vasskraftverk tek normalt 1,5 år, der ein har oppstart på våren for å få med seg to barmarkssesongar.
LMP – Utkast til detaljplan for bygging
Til alle vassdragskonsesjonar skal det lagast ein detaljert byggeplan. 11. november 2020 sendte selskapet til NVE utkast til detaljert byggeplan for kraftverket. 17. februar 2021 blei det gjennomført kvalitetsrevisjon av byggeplanen med Miljøtilynet i NVE. Pårekneleg sender NVE den reviderte byggeplanen på høyring i løpet av mars. Her er detaljplanen med dei korresponderande vedlegga. Stølen…
Francis-turbinane til kraftstasjonen
Kraftstasjonen skal ha 2 francisturbinar og 1 peltonturbin – alle med horisontal aksel, glidelager og svinghjul.
3D scanning av Finndalsdammen & Inntaksdammen
Ny teknologi for laserscanning gjer det mogleg å kartlegge terrenget på desimeternivå, som er eit godt grunnlag for prosjektering og modellering av eit kraftverk. Punktskyene med LAS-data kan konverterast til DWG og DXF-format, som i neste omgang kan lastast inn i GPS’n til entreprenørane sine gravemaskinar. Det gjer at praktisk arbeid kan utførast nøyaktig, og…
NVE 30.11.2020 – Vassveg og inntaksdam klasse 0
NVE har i dag med heimel i «Forskrift om sikkerhet ved vassdragsanlegg», §4-1, fatta vedtak om at både vassvegen og inntaksdammen til Stølen Kraftverk skal plasserast i risikokonsekvensklasse 0. Her er utdrag av vedtaksbrevet på 5 sider.
Dialogmøte 1. kvartal 2021
Tidlegare planlagt infomøte overfor dei ulike brukar- og interessegruppene på Knaben blei avlyst pga Covid-19 pandemien. I kva grad infomøter kan gjennomførast i 2021 er uklart, og ein må berre avvente info frå FolkeHelseInstituttet. Stølen Kraftverk AS ser difor for seg prosjektinfo og detaljplanar blir kommunisert via eit eller fleire deltakaravgrensa «rundebordsmøter» med dei ulike…