Prosjektinfo til Reinshommen Hyttevel
Prosjektinfo til 3. partar på Knaben er viktig både i planfase, byggefase og driftsfase. I samsvar med epost 27. oktober 2020 har Stølen Kraftverk AS notert at info til Reinshommen Velforening og hytteeigararne, skal stilast til styremedlem Jarl Scheie, mobil 92 80 72 23 og e: jarl.s@hesbynett.no.
Tunnelmassar – Uttale frå Knaben Utvikling SA
Styret i Knaben Utvikling SA ved sekretær Jan Rob, gav våren 2020 uttale til Olje- og Energidepartementet om at bruk av tunnelmassar til ljosløype rundt Store Knabetjødn og til Skiskyttaranlegget på Stølen ville vere ei «vinn/vinn-løysing». Brevet og detaljane kan du lese her: Knaben Utvikling SA Uttale til OED vår 2020 om nytte av tunnelmassar
VTA-avtale med sivilingeniør Bjørn Bergheim
Eitkvart vassdragsanlegg i konsekvensklasse 4, 3, 2 eller 1 skal til ei kvar tid ha ein VTA med NVE-godkjenning. VassdragsTeknisk Ansvarleg er ein kvalifisert person som har det faglege ansvaret for å fylgje opp tryggleiken ved vassdragsanlegget. Finndaldammen har NVE plassert i risikokonsekvensklasse 1, medan både Bergetjødn og inntaksdammen er plassert i klasse 0, og treng…
NVE på synfaring 24. juni 2020
Miljøtilsynet hos Noregs Vassdrags- og Energidirektorat, Region Sør i Tønsberg, representert ved Lars Midttun, var på prosjektsynfaring 24. juni 2020. Fylkesmannen Agder var også representert d.d. med fiskeforvaltar Frode Kroghlund frå Miljøavdelinga. I tillegg deltok også Kvinesdal kommune ved seksjonsjef for plan, Chris Michelsen, og teknisk sjef Geir Netland.
Arealbrukskart for bygginga pr 5. november 2020
Landskaps- og miljøplanen, LMP, skal ha som vedlegg eit arealbrukskart for heile planområdet, som syner kvar i terrenget det skal utførast byggearbeid. Originalversjonen er i format A0, dvs. med papirstorleik 84 x 119 cm. Arealbrukskart 2020-11-05 Reziza til 72 DPI 10 Oversiktskart arbeid 2020-11-10 B_compressed
NVE 20.11.2020 – Teknisk plan dam Finndalsvatn godkjent
Den 17. november 2020 kunngjorde Noregs vassdrags- og energidirektorat fylgjande: VEDTAK: Med hjemmel i forskrift om sikkerhet ved vassdragsanlegg (damsikkerhetsforskriften) § 5-2 godkjennes den tekniske planen for ny dam ved Finndalsvatn. Planen omfattar bygging av ny betongdam ved utløpet av Finndalsvatn. Hovudseksjonen blir ein lamelldam om lag 35 m lang, og med største høgde…
Statsråd på Slottet, Oslo, 30. oktober 2020
Statsministerens Kontor kunngjorde 30.10.2020 offisielt: «Statsråd vart halde på Oslo slott 30. oktober 2020. Følgjande vedtak vert gjort kjende: 8. Andre saker Olje- og energidepartementet Stølen Kraftverk AS gis tillatelser til planendring av Stølen Kraftverk i Kvinesdal kommune. https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/offisielt-fra-statsradet-30.-oktober-2020/id2779297/ Offisielt frå statsrådet 30. oktober 2020 – regjeringen.no Innhaldet og vilkåra i den opphavlege Kongelege…
Rehabilitering Finndalsdammen – detaljutsnitt
Dr. ing. Olav Olsen AS lagar «Teknisk Plan» for rehabilitering av Finndalsdammen. I forprosjektet vurderte vi alternative tekniske løysingar, bl.a. tradisjonell fyllingsdam med betongkjerne. I ei samla vurdering, omsynteke miljø, landskapsinngrep, økonomi, transport m.m. vart konklusjonen «lamelldam», slik som skisse-utsnittet nedanfor illustrerer. Alle teikningar som vedlegg til «Teknisk Plan» skal godkjennast av «Damtilsynet» i NVE.
Tunnelmassar
Stølen Kraftverk AS har søkt Olje- og energidepartementet om løyve til at vassvegen kan drivast som konvensjonell 14 m2 tunnell framfor retningsstyrt borring. Tunnelmassane er ein ressurs, både for opprusting av traktorvegen til Finndalsdammen og til bygging av lysløypa rundt Store Knabetjødn/Skiskyttaranlegget og/eller til Alpinsenteret. Stølen Kraftverk har hatt god dialog om dette med Geir…