I opphavleg Kongeleg Resolusjon frå 24. august 2012 var vilkåret retningsstyrt borring. Med diameter omlag DN1200 viste det seg at innhenta entreprenørprisar ikkje var konkurransedyktig med konvensjonell tunneldriving, som då blir løysinga. Avhengig av kor «tett» fjellet er, så skal det plasserast ein betongpropp inne i tunnelen, som blir overgangen til framføring av vatnet i røyr.
Tunnelen skal ha ei stigning på 1:6, og den blir terminert med ei vertikal sjakt på omlag 30 meter opp til den eksisterande inntaksdammen.
For å få størst mogleg fjelloverdekning, m.a.o. færrast meter med røyr innvendig i tunnelen, blir traséen framført til retning «høgaste topp», for deretter å få retningsendring linært mot den gamle inntaksdammen.