Dr. ing. Olav Olsen AS lagar «Teknisk Plan» for rehabilitering av Finndalsdammen. I forprosjektet vurderte vi alternative tekniske løysingar, bl.a. tradisjonell fyllingsdam med betongkjerne. I ei samla vurdering, omsynteke miljø, landskapsinngrep, økonomi, transport m.m. vart konklusjonen «lamelldam», slik som skisse-utsnittet nedanfor illustrerer. Alle teikningar som vedlegg til «Teknisk Plan» skal godkjennast av «Damtilsynet» i NVE.
Tunnelmassar
Stølen Kraftverk AS har søkt Olje- og energidepartementet om løyve til at vassvegen kan drivast som konvensjonell 14 m2 tunnell framfor retningsstyrt borring. Tunnelmassane er ein ressurs, både for opprusting av traktorvegen til Finndalsdammen og til bygging av lysløypa rundt Store Knabetjødn/Skiskyttaranlegget og/eller til Alpinsenteret. Stølen Kraftverk har hatt god dialog om dette med Geir…
Folkemøte på Knaben
Stølen Kraftverk hadde planlagt folkemøte på Knaben i mars 2002. Pga Covid-19 pandemien vart dette arrangmentet naturleg nok avlyst. Vi planlegg nytt infomøte på Knaben for alle interesserte i 3. eller 4. kvartal 2020. Gjennomføring av dette må skje i samsvar med eventuelle restriksjonar frå FHI/Folkehelseinstituttet. I mellomtida er alle velkomne til å ta kontakt…